KHiB » Om KHiB » Administrasjon » Informasjonsenheten » Nyheter »
Stipendiat Linda Lien med unikt kaféprosjekt i Ålvik sentrum
Stipendiat ved Avd. for design, Linda Lien, har nyleg gjennomført eit unikt kaféprosjekt i Ålvik sentrum som ein del av hennes stipendiatprosjekt «Identitetsdesign for geografisk avgrensa område». På tre dagar fekk innbyggarane prøve tre nye kafékonsept. Sjølv om den nye kaféen fekk eit kortvarig liv, har framstøtet satt igong mange prosessar i lokalmiljøet.
Bilder og inntrykk frå kafekonsept nr. 2 «Den kvite skogfrue» 29. april 2010. Foto: Linda Lien
Stipendiat ved Avd. for design, Linda Lien, har nyleg gjennomført eit unikt kaféprosjekt i Ålvik sentrum som ein del av hennes stipendiatprosjekt «Identitetsdesign for geografisk avgrensa område». På tre dagar fekk innbyggarane prøve tre nye kafékonsept. Sjølv om den nye kaféen fekk eit kortvarig liv, har framstøtet satt igong mange prosessar i lokalmiljøet.
- Eg vonar også at prosjektet får overføringsverdi og kan fungera som eit praktisk forprosjekt for ein permanent kafé som er under planlegging i same bygg, seier Linda Lien. Ho har trukket inn mange ulike personar og miljø i førebuingane til lanseringa av dei tre kaféeane.
Bilete t.h. Linda Lien under opninga av den første kaféen, "Folkekaféen". Gjennom kaféprosjekta ynskjer ho å spegla ulike sider ved Ålvik. Foto: Camilla Kvamme/Hordaland Folkeblad.
Elevar ved Ålvik skule og medlemmer i ungdomsklubben «Vaskeriet» sto for sjølve kafedrifta, og eit av måla var å inspirera til vidare satsingar på andre typar elevbedrifter og ungt entreprenørskap frå hausten 2010.
Tre nye kafékonsept
Linda Lien valde tre ulike vis å synliggjøre kva Ålvik har for ein slags identitet.
- «Folkets kafé» opna 28. april og set søkjelyset på tradisjonar og historie i Ålvik.
- «Den kvite skogfrue» opna 29. april og fokuset var på naturen - blant anna i form av gardinar laga av tilsette ved Elkem Bjølvefossen, Ålvik barnehage og kunstnarhuset «Messen» med fleire.
- «ÅlvikRock-kafé» opna 30. april og her vert det vist ei yngre og meir alternativ side av Ålvik.
Under kaféprosjektet vert det utstilling av resultatet så langt, noko som blant anna inkluderer «The Ålvik Collection». Det vart og høve til å kommentera og påverka arbeidet vidare. Linda Lien har dokumentert arbeidet sitt på ein rikholdig blog: "Den kollektive stadsidentiteten" - i den personlege brandinga si tid.
Av andre hendingar vert det også foredrag om Ålvik og ålvikaren. I tillegg vert det presentasjon av den heilt ferske reguleringsplanen for Tyrvefjøra – Torget ved Vidar Østerbø i Cowi. Prosjektet er støtta av Ålvik Vekst, Elkem Bjølvefossen og Kvam herad. Me håpar mange finn vegen til det gamle «Joker»—bygget dei tre kafedagane! Inntektene frå prosjektet går til elevane ved barneskulen og ungdomsklubben «Vaskeriet».
|
|
Oppslag i lokale media
Overskrift nettutgåva: "Tre kafear på tre dagar" Kort om saka på web: Hordaland Folkeblad Skrevet av journalist Camilla Kvamme. |
Stipendiatprosjekt ved KHiB
Stipendiat Linda Lien ved Kunsthøgskolen i Bergen har vore prosjektleiar. Gjennom stipendprosjektet «Identitetsdesign for geografisk avgrensa område» leitar ho etter nye måtar å finna og visualisera stadsidentitet på. Ho har i vinter konsentrert seg om Ålvik, og har mellom anna besøkt Ålvik skule og Elkem Bjølvefossen med eit mobilt designkontor.
Bilder og inntrykk fra kafé nr. 3: «ÅlvikRock-kafé» – 30. april
Les meir om
Stipendprogrammet for kunstnerisk utviklingsarbeid