KHiB Â»  KU/FoU Â»  Publikasjoner Â»  Ã…rbok 2006-2007 Â» 

Tar kunsten lenger

Trond Lossius, lydkunstnar og dagleg leiar av Bergen Senter for Elektronisk Kunst (BEK), stipendiat ved KHiB 2003 – 2007

Banner_arbok0607

Trond Lossius er utdanna komponist ved Griegakademiet ved Universitetet i Bergen, men innsåg etterkvart at det han hadde lyst å lage ikkje ville fungere i ein konsertsal. Han leita etter andre stader å presentere musikken sin, og gjekk meir og meir over til å jobbe med lydinstallasjon saman med andre kunstnarar. Parallelt dukka det opp fleire store problemstillingar han ønska å undersøkje nærare, i kryssfeltet mellom samtidsmusikk og biletkunst.

Trond Lossius er den første som har avslutta stipendiatperioden sin i Stipendprogrammet for kunstnarisk utviklingsarbeid ved KHiB. Han byrja som stipendiat i 2003 og arbeida med eit prosjekt som fekk tittelen «Lydinstallasjonar og andre tverrestetiske prosjekt (eller kunsten å sveve mellom alle stolar)».

Utlysinga av stipendprogrammet ved KHiB freista han til å søkje, han såg på dette som ein god moglegheit til å fordjupe seg i desse problemstillingane. Nokre av dei hadde oppteke han i fleire år.

- Rammene rundt programmet gjorde at eg fekk arbeidsrom til å gå grundig inn i problemstillingane, mykje grundigare enn eg kunne ha gjort som fristilt kunstnar. Programmet som rammeverk har oppfordra til systematisk arbeid og levering av resultat, noko som gjer det meir effektivt enn å jobbe på eiga hand. Det å vere tilknytt eit større fagmiljø har også vore svært nyttig og fruktbart og har gitt grunnlag for gode samarbeid.

Lossius_portrett

Trond Lossius framfor ein av installasjonane hans under åpninga av stipendiatutstillinga «Cubic Second» på Hordaland Kunstsenter hausten 2006.

Fruktbare samarbeid
Lossius har arbeidd med prosjekt der lyd har inngått som eit element i installasjonar og sceneproduksjonar. Han har sjeldan arbeidd åleine, dels fordi prosjekta har vore for store for ein person, men også fordi prosjekta har vore tverrkunstnariske med behov for ulike typar kompetanse. Dessutan foretrekk han å jobbe saman med andre.

- I møte med nye kunstnarar og nye prosjekt dukkar det alltid opp ting som eg aldri har tenkt på eller vore borti før. Ved å diskutere med andre tenkjer eg raskare og kjem mykje lenger på kortare tid. Det er ein svært stimulerande måte å utvikle seg på, seier Lossius. Det er i første rekkje kunstnarar tilknytt fagmiljøet ved KHiB han har arbeidd saman med. Samarbeidet med Mogstad og Welsh, begge professorar ved Avd. kunstakademiet, har til dømes resultert i fleire større prosjekt og utstillingar.

- Ein av fordelane med å jobbe med forskjellige kunstnarar er at alle sit igjen med erfaringar som igjen siv ut i andre prosjekt. Slik legg ein spor etter seg andre stader enn berre i eigne arbeid. Særleg innan nye media er dette ein utbreidd måte å arbeide på. Her skjer utviklinga fort grunna veldig mange bidrag frå mange ulike kantar. Ein utvekslar erfaringar og kunnskap, og nye løysingar dukkar opp. Nyvinningar lekk ut og nye idear blir igjen vidareført og vidareutvikla.

Kulminert kunnskap

- Eg valde å arbeide med fleire prosjekt i løpet av stipendiatperioden for å ha moglegheita til å prøve ut ulike ting. På denne måten fekk eg realisere nye idear hele tida og følje mange ulike prosessar. Dessutan, fortel Lossius, er det mykje kunnskap og mange erfaringar ein berre får i løpet av dei to siste timane innan opninga av ein utstilling eller performance.

Alle prosjekta har vore sjølvstendige og 100% viktige som kunstprosjekt, men samstundes har han tatt med seg erfaringar frå eit prosjekt til eit anna. Dermed var også sluttsummen av dei ulike prosjekta viktig, og den kunnskapen som kulminerte ut i frå dei. Stipendiatperioden blei avslutta med ei stor utstilling på Hordaland Kunstsenter, «Cubic Second», der Trond følte han fekk nytte seg av alt det han hadde arbeidd med til då. Han ønska å skape ein situasjon der merksemda blei retta mot sjølve opplevinga av lyden, der publikum blei invitert til å bevege seg rundt i rommet og utforske korleis lyden i rommet varierte.

Lossius_utstilling

Frå utstillinga «Tracing Spaces» ved Bergen Kunsthall der Lossius la lyd på kollega Karen Kipphoffs installasjon «Staged Spaces».

Tekniske og språklege utfordringar
- Eg møtte i hovudsak to store utfordringar i løpet av stipendperioden, fortel Lossius. Den eine var korleis jobbe med lyd i rom og korleis mange høgtalarar kan brukast saman for å skape illusjonar av lyd som flyttar seg og kjem frå ulike kantar. Særleg har eg brukt mykje tid på å lære om Ambisonics, ein av dei teknikkane som nyttast når ein skal bruke mange høgtalarar saman. Eg har jobba med å implementere teknikken i eigne arbeid, men teknikken er framleis under utforsking. Det finst ingen lærebøker, og teorien bak er vanskelig tilgjengeleg. Det har derfor vore ein lang prosess å forstå teorien, finne tekniske løysingar som kan brukast, og å meistre korleis dei praktisk og kunstnarisk kan brukast på ein god måte. Særleg i forhold til det praktiske og kunstnariske har eg først og fremst vore nødt til å byggje på eigne praktiske erfaringar.

Den andre problemstillinga var av meir språkleg art og har å gjere med eit manglande omgrepsapparat innanfor det kunstnariske forskingsfeltet. I løpet av stipendprogrammet går ein djupt inn i faget, ein blir stadig meir spesialisert og behovet for ein fagspesifikk terminologi aukar. Samstundes blir ein oppmuntra til tverrfagleg arbeid, noko som gjer forenkling og generalisering naudsynt. Eit dilemma har vore å få tak i kven ein eigentleg vender seg til i det skriftlege arbeidet, kva formålet med dokumentasjonen er, og kva språk ein skal nytte seg av for best mogleg kommunikasjon. Skal ein forenkle for å snakke til mange eller presist og innanfor faget? Innan vitskapleg terminologi er premissane for kommunikasjonen tydelegare og metodologien klarare, der vender ein seg oftast til andre spesialistar innan fagfeltet. Det er mange ting som skil kunsten frå vitskapen og ein av dei er at kunsten vender seg til allmennheita, og dermed blir kravet til allmenn formidling er sterkare.

Lossius_disputas

Trond Lossius under den muntlege gjennomgangen av prosjektet våren 2007.

Uopptrakka løype
Lossius har som ein av dei første kandidatane innanfor stipendiatprogrammet vore ein slags prøvekanin i forhold til kunstnarisk utviklingsarbeid, då det ikkje fins andre tilsvarande program i Noreg som har så tydeleg kunstnarisk fokus. I løpet av dei tre åra han har vore tilknytt KHiB, har kunstnarisk utvikling blitt ein mykje tydelegare del av den strategiske tenkinga rundt verksemda, noko han synes det har vore spanande å vere ein del av.

- Vi er inne i ei spe byrjing på ein diskusjon rundt kva kunstnarisk utviklingsarbeid er. Korleis ein skal jobbe med området, og korleis ein skal diskutere det. I denne samanhengen trur eg at eg og dei andre stipendiatane har vore viktige bidrag, seier Lossius. Kunstnarisk utviklingsarbeid er ein ressurs for alle involverte, og ein etablerer eit betre apparat for framtida. Ein er sjølv i ein endringsprosess og ser heile tida etter nye ting. Det vitaliserer undervisinga og gjer det til ein betre skule for studentane.

Miljø for lydkunst
I løpet av stipendiatperioden var Lossius med å opprette Lydgalleriet i Bergen, eit visingsrom for lydbaserte uttrykk. Det vart til i eit samarbeid mellom mange ulike aktørar innanfor feltet lydkunst, som med ulik kompetanse utfylte kvarandre. Fleire i byen har funne kvarandre, ein infrastruktur er etablert og kompetanse blir utveksla. Ein slik kollektiv kompetanse er i følje Lossius interessant. På grunn av at eit større felt av kunstnarar er samla, er miljøet gjerne meir synleg no enn tidlegare.

Den kompetansen han har opparbeidd seg i løpet av stipendiatperioden er også viktig for Bergen Senter for Elektronisk Kunst (BEK), der han er dagleg leiar. Han ønskjer å dreie verksemda meir i retning av å bli prega av kunstnarisk forsking og utvikling. På den måten trur han dei kan ta kunsten lenger og bli meir konsekvent i arbeidet.

- Vitskap har utvikla systematiske metodar for korleis ein kan vinne ny innsikt. Sjølv om eg ikkje trur det er mogleg å komme fram til tilsvarande faste metodar for kunstnarisk arbeid, trur eg det er verdifullt å diskutere korleis ein jobbar, at slike diskusjonar kan hjelpe oss til å jobbe meir presist med dei problemstillingane vi er opptatt av, og slik kunne nå lenger i prosessar og resultat, konkluderer Lossius.

Intervjua av Ingrid Endal

Foto: Peter Klasson

Tilbake til hovedsida for Ã…rbok 2006-2007

.............................................................................................................................

Les meir om Stipendprogrammet for kunstnerisk utviklingsarbeid

Les andre saker om Trond Lossius i samband med stipendprogrammet:

Robin Sandborg / 11.05.2009

  • Ã…rbok 2006-2007

  • Logg pÃ¥

Kunsthøgskolen i Bergen - +47 55 58 73 00 - Strømg 1, 5015 Bergen - Kontakt