KHiB » About KHiB » Administration » Information » News »
KHiB-studenter stiller ut i Skånevik
For tredje året på rad vert arrangert kollektiv kunstutstilling på Sildafabrikken i Skånevik samstundes som Skånevik Bluesfestival går føre seg. Dette har i dei to tidlegare åra vore ein stor suksess med ca. 300 besøkande kvart år. Utstillingen har tittel "Metamorphose". Fleire av utstillerane er noværande eller tidlegare studentar ved Kunsthøgskolen i Bergen. Drivkrafta bak kunstutstillinga er Elisabeth Nilsen Emmerhoff, førsteårs masterstudent i kunst, som også kjem frå Skånevik.
Opning onsdag 4. juli kl 19.00. Utstillerene er:
Sarah Roesink (Nederland) Spyros Zevelakis (Hellas) Rama Lee (Korea) Gry Bruseth Traaen Eugenia Ivanissevich (Argentina) Alistair Wildblood (UK) Malene Bjørge Reidun Vinningland Kjersti Lunde Åsta Lindemann Kari Borge Bengtson Linn Rebekka Åmo Elisabeth Nilsen Emmerhoff
Historiske lokaler Sardinfabrikken i Skånevik har i ca. 100 år vore hjørnesteinverksemda i bygda, men dørene stengte for sardinproduksjon den 30. april 2001. Ved å bruka fabrikken til utstillingslokale gjev ein ny kraft til dei tomme romma i fabrikken. Lokaler som i seg sjølv har veldig mykje historie og som er ei utfordring for utstillarane. Skåneviksbuen, menneskjer frå bygda sitt nærområde og festivalbesøkande er svært positive til utstillinga og gjev utstillarane ei stor og inspirerande kraft til å halda fram med den kollektive kunstutstillinga i den nedlagte sardinfabrikken i Skånevik.
- Vi ser på Skånevik som ein ideell stad å halda utstilling, fortel Elisabeth Emmerhoff. Her kjem det tilreisande frå heila landet og dei unge kunstnarane, som er i etableringsfasen, får vist fram sitt kunstneristiske virke til eit stort mangfald av mennesker. Den er og med på å marknadsføra bygda og kommunen som ein kreativ stad i kunststudent-miljøet i Noreg og London.
Målet er og at nokon av kunstnarane vil venda tilbake til Skånevik og laga noko av arbeidet sitt i bygda og gjerne om bygda. Dei unge kunstnarane kjem frå tre av verdskontinenta: Asia, Latin Amerika og Europa. Gjennom utstillinga skal dei 13 deltakarane bu i eit privateigd hus i Skånevik sentrum, og her vil blir det knytta band mellom dei forskjellige kunstnarane og deira kunstnaristiske virke i framtida.
- Skånevik har i alle desse åra med studiar vore svært sentral og viktig for meg og eg har eit stort ynskje om å gi noko tilbake til bygda. Det er eit stort potensiale i det å ha utstillinga under Skånevik Bluesfestival. Festivalen i sterk vekst og i år kjem fleire store artistar til bygda med ca. 900 innbyggarar innst i Skåneviksfjorden.
Utstillinga på tredje året er i fasen til å bli tradisjon og ønsket til utstillerane er at den etter kvart blir ein av dei store kunstutstillingane Hordaland i løpet av kvar sommar.
- Vi håpar med detta at Kunstutstilling Metamorphose kan opna for ein samtale på eit anna nivå, seier Elisabeth Emmerhoff. Ein samtale mellom kunsten, dei besøkande og dei unge kunstnarane.
Alle som stillar ut kjem til å vera tilstades alle dagane 4.– 7. juli 2007. Vel møtte!
Les meir om utstillingen Metamorphose i Skånevik