Tidligere student Lars Korff Lofthus på Galleri Langegården

Tidligere masterstudent i kunst, Lars Korff Lofthus, opnar separatutstilling med måleri, teikning, skulptur og ei tekstsamling på Galleri Langegården laurdag 9. januar 2010. Utstillinga står til 31. januar 2010.

Tidligare masterstudent i kunst ved KHiB, Lars Korff Lofthus, opnar separatutstilling på Galleri Langegården laurdag 9. januar 2010. Utstillinga står til 31. januar 2010. Utstillinga har tittelen "Take it Home" og opninga finn stad laurdag 9. januar kl 14 på Galleri Langegården.

I tillegg til måleri, teikning og skulpturar lanserer Lars Korff Lofthus ei tekstsamling, med bidrag frå Leander Djønne, Lisa Him-Jensen, Lillian Samdal og Karl Ystanes.

Bilde t.h.: uten tittel, olje og akryl på lerret, 180 x 150 cm

Take It Home
Det umiddelbare, absurde - og grumset mellom høy- og lavkultur er sentralt i Lars Korff Lofthus sitt arbeid. Mange hugsar Masterutstillinga på kunsthøgskolen i 2009, der han presenterte ein serie reduserte motiv i store format. “Det umiddelbare og kjappe har ein spesiell energi i seg,” sier han. “Det handlar ikkje om å skynda seg eller om å vera påtatt ekspressiv, det handlar om å vera sjef og om å laga dei bileta eg har lyst å sjå”.

Det siste halvåret har kunstnaren interessert seg for begrep som tilhørigheit og rastlause. Gjennom måleri, teikning, tekst og installasjon undersøkjer han ulike element rundt det å høre til. “Eg har arbeidd frå ein nokså følete posisjon” sier han. Likevel er han bevisst de grepa han tar: “Eg hadde ikkje brukt sentimentale verkemiddel dersom eg ikkje trudde at arbeidet hadde eit universelt potensiale”.

I haust har Lars Korff Lofthus budd og arbeidd i Berlin, gjennom et arbeidsstipend. Dei fleste av arbeida på utstillinga er produsert i Berlin.

Lars korff lofthus (f. 1978) er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen, Avd. kunstakademiet og ved Kunstakademiet i københavn.

Kontakt Lars Korff Lofthus
post@larskorfflofthus.no

www.larskorfflofthus.no

M: +47 90 17 52 87

Publisert: 15.01.2010 av: Admin Oppdatert: 11.04.2013 av: Admin