Jorunn Veiteberg kuraterer utstilling i Paris med fleire frå KHiB

Professor Jorunn Veiteberg ved Avd. for spesialisert kunst er kurator for ei samleutstilling på Galerie Favardin & De Verneuil i Paris med førsteamanuensis Anne Helene Mydland og førsteamanuensis Øyvind Suul samt dei to KHiB-stipendiatane Caroline Slotte og Kjell Rylander. Også ei rekke tidlegare KHiB-studentar er med og viser arbeida sine. Utstillinga er Norske Kunsthåndverkere si store satsing i 2010, og ein viktig del av deira arbeid for å promovera norsk kunsthandverk utanlands. Utstillinga er open i perioden 12. - 25. september 2010.

Professor Jorunn Veiteberg ved Avd. for spesialisert kunst er kurator for ei samleutstilling på Galerie Favardin & De Verneuil i Paris med førsteamanuensis Anne Helene Mydland og førsteamanuensis Øyvind Suul samt dei to KHiB-stipendiatane Caroline Slotte og Kjell Rylander. Også ei rekke tidlegare KHiB-studentar er med og viser arbeida sine. Utstillinga er Norske Kunsthåndverkere si store satsing i 2010, og ein viktig del av deira arbeid for å promovera norsk kunsthandverk utanlands. Utstillinga er open i perioden 12. - 25. september 2010.

"Le Cru et le Cuit" tyder "Det rå og det kokte". Tittelen er eit lån frå antropologen Claude Lévi-Strauss’ klassiske studie av mytar, og han tener som ein metafor for den keramiske prosessen: frå naturproduktet rå leire til kulturprodukt via bearbeiding og brenning.

Frå kaos til orden
Utstillinga inneheld verk som tematiserer ulike stadier i denne prosessen frå rått til kokt, frå kaos til orden, frå formlaust til formfast. I 1993 blei den same tittelen brukt på ei utstilling med nye arbeid i leire i Storbritannia. Den markerte ei orientering bort frå det funksjonelle og nyttige til fordel for figurframstelling og ekspressive krukker; ein tendens som også har prega norsk keramikk sidan 1980-talet.

Men dagens keramikk omfattar endå fleire rettar. Påverka av globaliseringa og i takt med at industriproduksjonen har blitt lagt ned i Europa, har teknikkar og materiale frå den keramiske industrien funne vegen inn i studio-keramikken. Allereie ’kokte’ gjenstandar tener såleis som råmateriale for mange, yngre keramikarar. I spennet mellom material, substans og meining er det difor meir opent enn nokon gong kva omgrepet keramikk kan romma.

Utstillarar
Av dei som stiller ut er mange tidlegare KHiB-studentar, Heidi Bjørgan, Anne Thomassen, Trine Hovden, Kathrine Køster Holst og Liv Midbøe. Mellom dei øvrige utstillarane, Torbjørn Kvasbø, Irene Nordli, Tove Lise Røkke Olsen, Jens Erland, Marit Tingleff og Beth Wyller, har dei fleste også utdaninga si frå Bergen, frå det som den gongen heitte Statens Hogskole for Kunsthåndverk og Design. Tidlegare er også Anne Helene Mydland, Caroline Slotte, Øyvind Suul og Kjell Rylander nevnt.

Koordinatorar
Initiativtakar til utstillinga er Torbjørn Kvasbø. Professor Jorunn Veiteberg er kurator og Heidi Bjørgan står for monteringa medan Norske Kunsthåndverkere er praktisk og finansiell koordiantor. K-verdi-stipendiatane Kjell Rylander og Caroline Slotte er begge representerte med nyare arbeid. Samstundes med utstillinga vert det óg arrangert ein konferanse av The International Academy of Ceramics samt halde generalforsamling.

Om forskningsprosjektet K-verdi
K-verdi er ei forkorting for forskingsprosjektet Kunstnarisk verdiskaping. Eit prosjekt om søppel og readymades, kunst og keramikk. Det er eit samarbeid mellom Kunsthøgskolen i Bergen og Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum, og ein del av Norges forskningsråd sitt KULVER-program.

Grensene mellom søppel, ting og readymades er flytande i kunsten, men orda signaliserer ulik verdi. Kva desse orda tyder, og kvifor så mange kunstnarar brukar vrakgods (tørr søppel) som kunstnarleg råstoff, står sentralt i K-verdi sine drøftingar. Svara vil bli presentert gjennom utstillingar, seminar, forelesingar og artiklar, og vil innebera drøftingar av spørsmål som: Kva har dei institusjonelle rammene å seia for statusen og verdien til eit kunstverk? Kva for tankesett ligg til grunn for diskusjonane om samtidskunst? Korleis skal institusjonar som kunsthøgskular og museum stilla seg til den materialbaserte samtidskunsten når materialet er blitt søppel og readymades? Kva slags kunnskap krev det av dei som skapar? Og korleis skal samlingar byggjast opp? Kva kan berre kastast, og kva bør takast vare på som del av kulturarven? Og korleis samla på det som er flyktig og forgjengeleg?

Les meir
K-verdi sine nettsider

Jorunn Veiteberg

Anne Helene Mydland

Øyvind Suul

Caroline Slotte

Kjell Rylander

Publisert: 27.08.2010 av: Admin Oppdatert: 11.04.2013 av: Admin