KIF-Alsharif_KHIB copy.jpg

Tidlegare student Azar Alsharif med utstilling i Rom8

19. april opnar Azar Alsharif utstillinga "Knowledge Is Faithful" i visningsrommet Rom8 i Vaskerelven 8. Alsharif gikk ut med bachelorgrad i kunst frå Avd. kunstakademiet i 2011. Utstillinga står til 23. april 2012.

Azar Alsharif har hatt atlelierplass på USF Verftet i ett år som del av eit samarbeid mellom KHiB og USF Verftet. Utstillinga Knowledge Is Faithful viser resultatet av prosjekt Alsharif har jobba med vinteren 2011-12 og våren 2012, som består av avfotograferte bilde, collage, konstruert tekst og skulptur.

Les intervju på Hovefestivalens nettsider

Det blir visuell poesi og blind tillit (Hovefestivalens nettsider)

Azar Alsharif (f.1984) har bachelorgrad frå KHiB og bor og jobbar i Bergen. Knowledge Is Faithful er den andre separatutstillinga hennar. Ho har stilt ut ved fleire galleri, blant anna Galleri F15, 1857, One Night Only, Holodeck, Bergen Kjøtt, Volt og Fotogalleriet. I april lanserast Objektiv #5 der ho bidrar med ein fanzine, og i sommar viser ho ei utstilling i Bunker 19 under Hovefestivalen.

Utdrag fra tekst om filosofi
...
both a failure
(...)
and a promise
(...) (...)
and
(...) (...)
any who
(...)
attempts to translate
(...)
runs the risk
(...)

Publisert: 10.04.2012 av Peter Klasson Oppdatert: 02.04.2014 av admin