Toril-Johannesen-Iceland-Spar.jpg

Documenta-aktuelle Toril Johannessen

- Eg er nettopp ferdig med å installere mitt eige verk og utstillinga har opna, så no gler eg meg til å sjå resten, seier Toril Johannessen. Ho er ein av dei to tidlegare KHiB-studentane som er plukka ut til å delta på årets Documenta i Kassel som opna 9. juni 2012. Documenta pågår til 16. september.

Toril Johannessen portrett

Du er i Kassel no. Korleis er det?
- Det er fantastisk fint å være her! No har eg nettopp vore på ei forelesing med ein av dei som inspirerer meg.

Kva har du gjort sidan du var ferdig å studere på KHiB i 2008?
- Etter studia har eg arbeidd med kunst. Eg har vore aktiv, også internasjonalt, siden eg gjekk ut. Allereie eit halvt år etter eksamen hadde eg ei separatutstilling på Oslo kunstforening. For meg var det nyttig å ho noko konkret å arbeide fram mot. I 2011 var eg på eit studieopphold i Los Angeles i tre månadar. Skulen heiter Mountain School of Art, det var veldig lærerikt.

Kva meir har du å strekke deg etter, etter at du har vore på Documenta så tidleg i kunstnarkarriæra di?
- Å bli gammal og klok. Det håpar eg at eg blir ein gong. Det er jo ikkje sånn at eg stoppar opp sjølv om eg er med på Documenta, tvert imot. For meg er det viktig å fortsette å utvikle det eg held på med.

Har du nokre råd til studentane på kunst- og designhøgskolen og nyutdanna kunstnarar?
- Eg har ikkje nokon stalltips som eg trur passar for alle, men generelt så er det vel viktig å prioritere arbeidet sitt og å ta seg sjølv på alvor som kunstnar. Då eg var ferdig å studere, valde eg ikkje å jobbe med noko anna enn kunst så langt det lot seg gjøre. Dermed hadde jeg tid til både arbeid og dagdrømming. Til sjuande og sist handlar det om å etablere seg som kunstnar og om å være dedikert og å virkelig ville det, og då tenker eg ikkje i første rekkje på det å være kunstnar, men det å skape noko som ein vil dele med verda, for å si det litt pompøst. Eg synst det er viktig ikkje å sjå på eksamen som eit endeleg mål.

Den bergensbaserte 34-åringen gjekk ut med mastergrad i kunst frå Kunst- og designhøgskolen i Bergen i 2008.

- KHiB er stolt over at to tidlegare studentar er valde ut til ei slik viktig utstilling, seier Paula Crabtree, rektor ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen.

Den andre tidlegare KHiB-studenten som deltar på Documenta (13) er Matias Faldbakken. Han har diplomutdanning frå Avd. kunstakademiet frå 1998.

Installasjon
Toril Johannesen viser ein installasjonen som er over tre meter høg og to og ein halv meter brei projektor som gjengir eit bilde av sola. Maskina er dreve av olje. Ho tar opp store og vanskelige tema i samtida som miljøvern, energi og finanskrise. I tillegg til installasjonen viser ho fire silketrykk og eit videoarbeid der ho har ein dialog med eit klarsynt medium og den avdøde fysikaren Niels Bohr.

Om Documenta
Documenta opnar 9. juni 2012. Hendinga reknast for å være ein av dei viktigaste innan samtidskunsten. 150 kunstnarar deltek. Årets utstilling er den trettende i rekkja. Utstillinga arrangerast kvart femte år, og blei første gong arrangert i 1955.

Gå til heimesidene til Documenta

 

Publisert: 08.06.2012 av: Astri Kamsvåg Oppdatert: 11.04.2013 av: Admin