Flieger

Herbert Wiegand med animasjonsfilm i Grimstad

Herbert Eugen Wiegand, høgskolelektor i grafikk, viser animasjonsfilmen "Flieger" ("Short-trip") på kortfilmfestivalen i Grimstad som pågår frå 13. til 17. juni 2012.

Animasjonsfilmen "Flieger" er ein short trip mellom materiale og projeksjon. Filmen som er laga i stop motion, viser eit trefly som blir bygd på eit billedhuggeratelier. Flyet tar seg ein kort flytur gjennom atelieret og skildrar på den måten ein stad som set arbeidsprosessen i fokus. Treflyet skildrar dimensjonar som tak, veggar og golv. Protagonister er kunstnarmateriale, grafikk og skulpturar, som blir ledsaga av ein materialnær tur og kreativ prosess.

Animasjonsfilmen er del av det kunstnarlege utviklingsarbeidet til Herbert Wiegand på kunst- og designhøgskolen. Han har arbeidd med filmen sidan 2006.

Flieger 2

 Gå til festivalens hjemmeside

Publisert: 05.06.2012 av: Astri Kamsvåg Oppdatert: 11.04.2013 av: Admin