
- Om KHiB
- Kart over KHiB-campus

Kart over KHiB-campus
Kunst- og designhøgskolen i Bergen har fem ulike bygg på tre stader i Bergen sentrum.
Avd. kunstakademiet er lokalisert ute på Nordnes, i C. Sundts gate 53 og 55. Det er omlag 10 minutt å gå frå Torgallmenningen. Avd. for design og Avd. for spesialisert kunst er lokalisert i området rundt gågata Marken og i Vaskerelven. Studieadministrasjonen og øvrig administrativ stab (rektor, høgskoledirektør, økonomi, personal, informasjon og FoU) held til i Strømgaten 1.
Strømgaten
1
Hovudbygget og resepsjonen ligg i Strømgaten 1. Det ligg vis-à-vis
Jernbanestasjonen. Her finn du òg Studieadministrasjonen og
avdelingskonsulent Mona Størseth (Avd. for design) og
avdelingskonsulent Helene Petterson (Avd. for spesialisert kunst).
Ved sida av avdelingskonsulentane har fagområde keramikk hovudsete.
I underetasjen har keramikk sin største verkstad samt gipssal og
andre verkstader. I andre etasje finn du kontora til rektor og
høgskoledirektøren, samt den øvrige administrasjon (økonomi,
personal, informasjon og FoU). I andre etasje ligg òg dei to
største tegnesalane og kontor for fagstab. I tredje etasje ligg det
eit stort prosjektrom, og IT-avdelinga held òg til her.
Marken 37
Dette bygget vert òg kalla "Glassbygget". Her finn du
kunsthøgskolen si kantine, møteplass og fem student-PC'ar for
offentlig bruk. I første etasje er det verkstad for både tre og
metall (Avd. for design), medan fagområde tekstil og fagområde
møbel- og romdesign/interiørarkitektur samt lesesalar og
prosjektrom for studentar, ligg i andre etasje. I tredje etasje
ligg "Det Raude Rommet" (den store forelesningssalen) som er det
største undervisningsrommet på kunsthøgskolen. Her finn du òg
arbeidsplassar for tekstilstudentar og prosjektrom og verkstad for
tekstil. I fjerde etasje er det studieplassar og vevsal for
tekstil. På framsida av nr. 37 har vi òg ein koseleg liten hage med
bord og stolar for solskinnsdagar.
Vaskerelven 8
I første etasje og i underetasjen/kjellaren her, er det
grafikkverkstad og verkstad for fargetrykk som tilhøyrer fagområde
fotografi. I første etasje er det òg fotostudio for for fagområde
fotografi, undervisningsrom /prosjektrom samt kontor for
verksmeistrar både på foto og grafikk. KHiB sitt nye galleri, Rom8,
ligg ut mot gata. Andre etasje huser biblioteket og kontor til
stipendiat og professor i fotografi og grafikk. I andre etasje ligg
det òg lesesalar for studentar på fagområde grafikk og fotografi.
Bakerst i andre etasje ligg det ein datalab for studentar på
fotografi og KHiB sine avanserte fotoskrivarar. I tredje etasje
ligg det to store salar for studentarbeidsplassar. I fjerde etasje
er det kontor for fagstab ved Avd. for spesialisert kunst
(fotografi og grafikk), kuratorstudiet og teori, i tillegg til at
du òg finn dekan Aashild Grana her.
Kong
Oscars gate 62
Den store bygården ligg like overfor St. Jørgens hospital
(Lepramuseet i Bergen). I underetasjen ligg det tre prosjektrom og
eit auditorium, medan første etasje har lesesal for studentar på
fagområde visuell kommunikasjon. I andre etasje finn du PC-lab,
prosjektrom og kontor for fagstab på Avd. for design. I tredje
etasje er det tre store prosjektrom og i fjerde etasje finn du
PC-lab for studentar ved Avd. for design. Studenter på
praktisk-pedagogisk utdannelse har sitt faste undervisningsrom på
404. Lærer og koordinator på faget sitter på 407.
I tillegg ligg Galleri Fisk i Kong Oscars gate 46, like bortanfor nr. 62. Galleriet vert drive av KHiB-studentar og held ope laurdagar og sundagar kl 12 -16. Opning av nye utstillingar er vanlegvis annankvar fredag kl 20.
C. Sundts gate 53 + 55
Avd. kunstakademiet held til i C. Sundts gate på Nordnes. Her finn
du studentarbeidsplassar, verkstader, prosjektrom, atelier/kontor
for fagstab og avdelingskonsulent Sara Henriksen. I 6. etasje finn
du det store prosjektrommet. I første etasje ligg det eit
utstillingslokale som studentar bruker til å vise arbeida sine. Det
fins òg eit utstillingslokale i 7. etasje i nr. 55.
Samlokalisering på sikt
Kunst- og designhøgskolen i Bergen skal samlast under ett tak i
Møllendalsveien. Det er arkitektkontoret Snøhetta som har teikna
det nye bygget som er under planlegging. Les meir om byggesaka
her
Read this page in English
