
- Studier
- Bachelorstudiet i design
- Bente Helleland: klar for...

Bente Helleland: KHiB gjorde meg meir klar for arbeidslivet
Som interiørarkitekt arbeider eg med alt innan arealdisponering, konseptutvikling, definering av kundane sine behov, design og utteikning av spesielle komponentar, utarbeider heilheitlege planar for farge og materialbruk, byggteikniske teikningar, val av møblar og belysning.
Bente Helleland, tidligare KHiB-student

Kor breidt arbeider du som
interiørarkitekt?
- Ein interiørarkitekt arbeider med både store og små prosjekt,
alt fra offentlige bygg som skular og store kontorbygg til små
kafear og butikkar. Me samarbeider ofte med arkitekt på store bygg
eller sjølvstendig på små prosjekt.
Me arbeider med alt fra arealdisponering, heilheitlege
løysingar, konseptutvikling, definering av kundane sine behov,
design og utteikning av spesielle komponentar, utarbeider
heilheitlege planar for farge og materialbruk, byggteikniske
teikningar, val av møblar og belysning og utarbeider beskrivelsar
og anbod.
Kva slags prosjekt har du jobba med etter at du blei
ferdig?
- Eg har arbeida med matvarekjeder, konseptutvikling og
gjennomføring av desse i ein rekke butikkar. Eg har jobba med
leiligheiter, nybygg og rehabilitering, med konseptutvikling av
restaurant og kafe, med ide og gjennomføring av konsept for
showroom, med store kontorbygg, sjukeheimar, skular og andre
ting.

Kven er oppdragsgjevarane dine?
- Oppdragsgjevarane mine er arkitektar, kommunar, fylkeskommunar,
bedrifter.
Kva yrkesgrupper arbeider du saman med?
- Eg arbeider saman med arkitektar, rådgivande ingeniørar,
konsulentar, entreprenørar, handverkarar.
Kva synes du om studentmiljøet ved
avdelingen/skolen/byen?
- Bergen er ein liten by og dermed har ein muligheit til å bli
kjent med bransjen før ein er ferdig utdanna. Dette var fagområde
møbel- og romdesign/interiørarkitektur flink til. Ein blir invitert
på arrangement og får delta på møbelmesser og konkurransar.
Kva ved utdanninga har du særlig hatt nytte av i
yrkeslivet seinare?
- Eg ser i ettertid at eg har hatt bruk for dei fleste kursa me
hadde, men klart at det viktigaste for meg har vore rom- og
møbelkursa. Og hovudfaget ikkje minst, som gjorde meg meir klar for
arbeidslivet.

Bente Helleland gikk ut av hovedfagsstudiet i design våren 2004.



