KHiB-bygger-bro_3.jpg

Informasjon for søkjarar til bachelorprogrammet i design

Kunst- og designhøgskolen i Bergen vil frå 1. januar 2017 vere ein del av Universitetet i Bergen (UiB). For deg som søkjar vil ikkje dette bety anna enn at du søkjer gjennom søknadsveven som no ligg tilknytta UiB.

Nytt bygg
kunst- og designutdanninga ved det nye fakultetet vil flytte inn i eit nytt og flott bygg sommaren 2017. Dette bygget er teikna av arkitektkontoret Snøhetta, og er det einaste bygget i landet som er utforma med tanke på at det skal vere eit bygg for kunst- og designutdanning.

NB! Søknadsveven opnar 1. januar 2017 for bachelorstudia.

Bachelor i design
Alle våre studieprogran innan kunst og design vil fortsetja ved Fakultet for kunst, musikk og design ved UiB. Musikkutdanninga er i dag ved Griegakademiet - Institutt for musikk, dette instituttet blir ein del av dette nye fakultetet ved UiB. Det nye fakultetet for kunst, musikk og design har eit bachelorprogrammet i design der du vel spesialisering i anten møbel- og romdesign/ interiørarkitektur eller i visuell kommunikasjon. Desse to studieretningane vil no bli organisert ved Institutt for design.

Legg merke til at det er bestemte oppgåver som du må svare på om du skal søkje til desse studieretningane. Desse finn du lenger nede på sida her.

Vi gjer merksam på at om du søkjer til fleire studieprogram, må du levere portfolie til alle. Sjå det einskilde studieprogram/søknadsalternativ for nærare informasjon om krav til portfolie. Ein søknad utan portfolie er ikkje fullstendig og vil ikkje bli handsama.

 Opptaksprosessen 2017:

Søknadsfrist: 15. april

Innkalling til intervju/andre opptak: vert sendt frå oss 9. mai
Intervju/2. opptak:
   visuell kommunikasjon: 31. mai-1. juni
   møbel- og romdesign/ interiørarkitektur: 31. mai-2. juni
Tilbod om opptak: vert publisert på søknadsveven i veke 23, 9. juni.

Det er viktig at alle søkjarane sjekkar søknadsveven for å sjå staus på søknaden. Dei som får avslag på søknaden vil ikkje få eige brev/epost om dette.

Vi gjer merksam på at om du søkjer til fleire studieprogram, må du levere portfolie til alle. Sjå det einskilde studieprogram/søknadsalternativ for nærare informasjon om krav til portfolie. Ein søknad utan portfolie er ikkje fullstendig og vil ikkje bli handsama.

Krav til forkunnskapar og vurderingskriterium
Opptak til avdelinga skjer på grunnlag av realkompetanse. Søkjarane blir vurderte ut frå ein rekke kriterium, som kreativitet, ambisjonar, designfagleg mognad, refleksjon, evne til analytisk og konseptuell tenking, samfunnsmedvit, form- og fargesans, evne til teikning, skriftleg og munnleg formuleringsevne og evne til samarbeid. Dei naudsynte forkunnskapane kan oppnåast på ulike måtar. Søkjarar utan generell studiekompetanse kan og søke. Delar av undervisninga vil gå føre seg på engelsk.

Opptakskomitéen gjer ein heilskapleg vurdering av den enkelte søkjar, med særleg vekt på hans eller hennar designfaglege potensial for utvikling.

Språkkrav
Søkjarar til bachelorstudia må kunne eit nordisk språk for å vere kvalifisert for opptak. Nordiske søkjarar stettar dette kravet automatisk. Søkjarar som kjem frå land utanfor Norden, må vise/dokumentere at dei beherskar eit nordisk språk, gjennom skrift og intervju.

Første opptak
For å søkje, må du fyrst logge deg på søknadsveven. Der kan du i tillegg til å velgje studium du vil søkje på, og laste opp ulike dokument som vitnemål, karaterutskrifter, portfolio og brev. Desse dokumenta må vere lagra på di eiga datamaskin som t.d. pdf-filer. I tillegg til dette, skal du og svare på nokre oppgåver som er utarbeidd for fagområdet du vil søkje på. Svara; skisser, tekst og bilete kan du og laste opp på søknadsveven.

Om du ikkje greier å laste dokument/svar opp på søknadsveven, kan du lagre dette på ein minnepinne og sende den til:

Universitetet i Bergen
Fakultet for kunst, musikk og design
postboks 7800
5020 Bergen

Hugs å merkje konvolutten med namnet ditt og studium du søkjer til.

Alle søkjarar kan gå inn på søknadsveven i veke 19 og sjå resultatet av 1. opptak. Her vil du anten ha gått vidare til 2. opptak eller fått avslag. Dei som får avslag vil ikkje få anna melding om dette.
 
Dei innsendte arbeida vil bli vurderte av opptakskomiteen ved avdelinga. Innkalling til andre opptak/intervju vert sent frå oss i veke 19.

Andre opptak
Andre opptak foregår på Kunst- og designhøgskolen i veke 23 (6.-10. juni). Dei som vert kalla inn til dette, vil få eige brev med nærare informasjon i posten.

  • Møbel- og romdesign/interiørarkitektur: 31. mai - 2. juni.
  • Visuell kommunikasjon: 31. mai - 1. juni.

Under andre opptaket jobbar søkjarane med teikneoppgåver og andre oppgåver. Kvar søkjar gjennomfører og eit individuelt intervju med opptakskomitéen. Søkjarane blir rangerte ut frå ei samla vurdering av alle løyste oppgåver og intervju. Tilbod om opptak blir lagt ut på søknadsveven i veke 23.

Alle som ønsker å takke ja til tibod om plass eller stå på venteliste, må gjere dette på søknadsveven. Dei som ikkje får tilbod, vil og finne informasjon om dette på søknadsveven.

Studiekontrakt
Ved å takke ja til tilbod om studieplass samtykker du samstundes til innhaldet i studiekontrakten. Ei lenke til studiekontrakten finn du her. Du treng ikkje å sende denne til oss.

Vi sender diverre ikkje arbeid/portfolio i retur.

Oppgåver for søkjarar

Oppgåver for søkjarar i 2017 finn du her:

Oppgåver møbel/rom nynorsk

Oppgåver møbel/rom bokmål

Oppgåver visuell kommunikasjon nynorsk

Oppgåver visuell kommunikasjon bokmål

 

 

Publisert: 19.08.2011 av Peter Klasson Oppdatert: 09.01.2017 av Ingjald Selland