workshop H14

Informasjon for søkjarar til bachelorprogrammet i kunst

Kunst- og designhøgskolen i Bergen vil frå 1. januar 2017 vere ein del av Universitetet i Bergen (UiB). For deg som søkjar vil ikkje dette bety anna enn at du no nyttar søknadsveven tilknytta UiB sin FS- base (Felles studentsystem).

Nytt bygg
Kunst- og designutdanninga ved det nye fakultetet vil flytte inn i eit nytt og flott bygg sommaren 2017. Dette bygget er teikna av arkitektkontoret Snøhetta, og er det einaste bygget i landet som er utforma med tanke på at det skal vere eit bygg for kunst- og designutdanning.

NB! Søknadsveven opnar 1. januar 2017 for bachelorstudia.

Bachelor i kunst
Alle våre studieprogran innan kunst og design vil fortsetja ved Fakultet for kunst, musikk og design. Musikkutdanninga er i dag ved Griegakademiet - Institutt for musikk, dette instituttet blir ein del av det nye fakultetet ved UiB, som har eitt felles bachelorprogram i kunst. Dette vil no bli organisert ved Institutt for kunst. Programmet opnar for utforsking og fordjuping innan eit vidt spekter av kunstnarlege praksisar, media, materiale og uttrykk.

Vi gjer merksam på at om du søkjer til fleire studieprogram, må du levere portfolie til alle. Sjå det einskilde studieprogram/søknadsalternativ for nærare informasjon om krav til portfolie. Ein søknad utan portfolie er ikkje fullstendig og vil ikkje bli handsama.

Læringsmiljøet ved Institutt for kunst støtar arbeidsprosesser som tek utgangspunkt i undersøkande og eksperimentelle tilnærmingar. Utdanninga relaterar seg til eit kunstfelt som er i stadig rørsle og endring, og legg vekt på kritisk dialog om tendensar og utviklingstrekk i kunst, kultur og samfunn. Den pågåande kunstsamtalen skjer både ved instituttet og på arenaer der vi samarbeider med eksterne partnarar, lokalt, regionalt og internasjonalt.
Kritisk tenking og konseptuell tilnærming er grunnleggjande i utdanninga. I samråd med sin hovudrettleiar kan studentar i bachelorprogrammet velge fordjuping innan eitt eller fleire område. Aktuelle fordjupingsområde er:

  • fotografi
  • grafikk
  • keramikk og leire
  • lyd
  • måleri og teikning
  • nye medium
  • performance
  • skulptur
  • tekstil
  • video


Bachelorprogrammet opnar og for kunstnarlege praksisar som ikkje er knytt til bestemde medium og materiale.

Opptaksprosessen 2017:

  • Søknadsfrist: 15. april
  • Innkalling til intervju: vert sendt frå oss 9. mai
  • Intervju: veke 22 (31. mai-2. juni), skjer i Bergen
  • Tilbod om opptak: vert lagt ut på søknadsveven 9. juni.


Det er viktig at alle søkjarane sjekkar søknadsveven for å sjå staus på søknaden. Dei som får avslag på søknaden vil ikkje få eige brev/epost om dette.


Krav til forkunnskapar og vurderingskriterium

Opptak til bachelorprogrammet i kunst er basert på realkompetanse. Denne blir vurdert på grunnlag av dokumentasjon av kunstnarleg arbeid (portfolio) og intervju.

Opptakskomitéen gjer ein heilskapleg vurdering av den enkelte søkjar, med særleg vekt på hans eller hennar kunstnarlege potensial for utvikling. Søkjarane vil bli vurderte ut frå ein rekke kriterium, som inkluderer kreativitet, ambisjonar, motivasjon, kunstnarleg modenskap, evne til refleksjon og formulering, dessutan evne til analytisk og konseptuell tenking. Søkjarar utan generell studiekompetanse kan og søke. Deler av undervisninga vil gå føre seg på engelsk.

Språkkrav
Søkjarar til bachelorstudia må kunne eit nordisk språk for å vere kvalifisert for opptak. Nordiske søkjarar stettar dette kravet automatisk. Søkjarar som kjem frå land utanfor Norden, må vise/dokumentere at dei beherskar eit nordisk språk, gjennom skrift og intervju.

Første opptak
For å søkje, må du fyrst logge deg på søknadsveven. Der kan du i tillegg til å velgje studium du vil søkje på, og laste opp ulike dokument som vitnemål, karaterutskrifter, portfolio og brev. Desse dokumenta må vere lagra på di eiga datamaskin som t.d. pdf-filer.
Alle søkjarar til bachelorstudiet må laste opp ein CV på søknadsveven med ei kort utgreiing om tidlegare utdanning. Det må og lastast opp eit motivasjonsbrev, der du kort gjer greie for kvifor du vil søkje opptak til studiet, og kva materialer/teknikkar du er mest interessert i.

I tillegg skal du og sende inn dokumentasjon på eige kunstnarleg arbeid, ein portfolio.

Krav til portfolio
Portfolien bør innehalde dokumentasjon av relevant kunstnarleg arbeid. Portfolien kan du og laste opp på søknadsveven.   
Her finn du meir informasjon om krav til portfolien. Hugs at du og må laste opp skjemaet/oversikta på søknadseven.

Om du ikkje greier å laste opp portfolien på søknadsveven, eller av andre grunnar ønskjer å sende dette til oss i elektronisk form, kan du lagre arbeida dine på ein minnepinne og sende denne til oss, hugs då å merkje konvolutten med namnet ditt og studiet du søkjer til. Konvolutten sender du til:
 
Universitetet i Bergen
Fakultet for kunst, musikk og design
postboks 7800
5020 Bergen


Dei innsendte arbeida vil bli vurderte av opptakskomiteen ved avdelinga. Innkalling til andre opptak/intervju vil bli sendt ut i veke 19 (9. mai).

Etter at 1. opptak er avslutta, kan du gå inn på søknadsvevenen for å sjå resultatet av søknaden din. Du er då anten vidare til 2. opptak, eller du har fått avslag. Alle søkjarar som har fått avslag vil ikkje få anna melding om dette.

Andre opptak
Andre opptak går føre seg ved Instituttet i veke 22 (31. mai-2. juni). Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju med opptakskomitéen ein av desse dagane. Under andre opptaket får søkjarane og høve til å treffe studentar og vere med på omvising i våre lokalar.   

Søkjarane blir rangerte ut frå ei samla vurdering av viste arbeid og intervju. Søkjarane kan sjå resultatet av opptaket på søknadsveven. Søkjarar som får tilbod om opptak eller plass på venteliste, må takke ja til dette på søknadsveven.

Søkjarar som ikkje får tilbod om plass eller plass på venteliste, vil ikkje få eige avslagsbrev. Dei vil berre få informasjon ved å logge seg på søknadsveven.

Studiekontrakt
Ved å svare ja til tilbod om opptak på søknadsveven, seier du samstundes ja til innhaldet i studiekontrakten, som du finn ei lenke til her. Du treng ikkje å sende denne til oss.

Vi kan diverre ikkje sende portfolio/minnepinne i retur.

Publisert: 19.08.2011 av Peter Klasson Oppdatert: 09.01.2017 av Ingjald Selland