Openig MA-kunst Bergen Kunsthall 2011

Informasjon for søkjarar til masterprogrammet i kunst

Kunst- og designhøgskolen i Bergen vil frå 1. januar 2017 vere ein del av Universitetet i Bergen (UiB). For deg som søkjar vil ikkje dette bety anna enn at søknadsveven no ligg tilknytta UiB.

Master i kunst
Alle våre studieprogran innan kunst og design vil fortsetja ved Fakultet for kunst, musikk og design. Musikkutdanninga er i dag ved Griegakademiet - Institutt for musikk, dette instituttet blir ein del av dette nye fakultetet ved UiB.

NB! Søknadsveven opnar 1. desember 2016 for Master i kunst.

Det nye fakultetet for kunst, musikk og design har eit masterprogram i kunst organisert ved Institutt for kunst.

Kunst- og designutdanninga ved det nye fakultetet vil flytte inn i eit nytt og flott bygg sommaren 2017. Dette bygget er teikna av arkitektkontoret Snøhetta, og er det einaste bygget i landet som er utforma med tanke på at det skal vere eit bygg for kunst- og designutdanning.

Eit sjølvstendig kunstnarleg arbeid, masterprosjektet, utgjer hovudkomponenten i masterprogrammet i kunst. Kvar student definerer sitt eige kunstnarlege prosjekt, som blir utvikla over to år gjennom individuelle undersøkingar, eksperimentering, kritikk og diskusjon med tilsatte og medstudentar.

Opptaksprosessen 2017

Søknadsfrist: 1. februar

  • Innkalling til intervju: vert sendt frå oss i veke 8.
  • Intervju: veke 13, 27. - 31. mars
  • Tilbod om opptak: vert lagt ut på søknadsveven i veke 14

  
Opptakskrav
Masterstudiet i kunst byggjer på ein bachelorgrad i kunst, eller annan relevant utdanning tilsvarande 180 studiepoeng. Søkjarane vert vurderte ut frå motivasjonsutgreiing, dokumentasjon av relevant kunstnarleg arbeid (portfolio) og intervju.

Søknadsprosessen
Her finn du ei lenke til søknadsveven som du må nytte for å søkje til KHiB. På søknadsveven kan du og laste opp ulike dokument som karakterutskrifter, vitnemål , motivasjonsutgreiing og brev. Portfolie kan du og laste opp på søknadsveven.

Krav til motivasjonsutgreiing
Motivasjonsutgreiinga skal ha eit omfang på 1 til 2 A4-sider. (NB! ikkje meir enn 2 sider). 
Den skal gjere greie for:

  • kvifor du ønskjer å bli tatt opp til masterprogram i kunst, og kva forventingar du har til studiet
  • korleis du arbeider kunstnarleg, kva metodar, medier m.m. du har intensjonar om å bruke
  • dine kritiske refleksjonar og tankar rundt eigen kunstnarleg produksjon så langt
  • kva kunstnarlege tema eller problemstillingar du ønskjer å utforske gjennom masterstudiet
  • kva for ein kontekst du relaterar din eigen kunstnarlege praksis til

 
Krav til portfolio
Portfolien bør innehalde dokumentasjon av relevant kunstnarleg produksjon som viser at du er kvalifisert for å gjennomføre eit sjølvstendig masterprosjekt. 
  
Her finn du meir informasjon om krav til portfolien.

Om du ikkje greier å laset opp portfolien på søknadsveven, kan du lagre denne på ein minnepinne og sende han i ein konvolutt til:

Universitetet i Bergen
Fakultet for kunst, musikk og design
postboks 7800
5020 Bergen

Hugs å merke konvolutten med "Søknad MA kunst" og namnet ditt.

Søknad sendt frå utlandet
Dersom du sender søknaden din frå utlandet, er det er viktig at du merkjer konvolutten med "No commercial value", og sender søknaden i god tid før søknadsfristen.

Intervju og andre opptak
Dersom du går vidare til andre opptak, vil du bli kalla inn til intervju i Bergen i veke 13. Alle søkjarar kan sjekke resultatet av søknaden ved å logge seg inn på søknadsveven.

Søkjarar som får avslag vil ikkje få eige brev om dette.
  
I veke 14 vil resultatet av opptaket vere tilgjengeleg på søknadsveven. Alle som får tilbod om opptak eller plass på venteliste må bekrefte på søknadsveven at dei tek imot plassen.

Studiekontrakt
Når du svarar ja til studieplass, samtykker du samstundes til innhaldet i studiekontrakten. Studiekontrakten finn du her. Du treng ikkje å sende denne til oss.

Søkjarar som skal fullføre bachelorutdanninga si i vårsemesteret 2017, vil få betinga opptak. For å få endeleg opptak, må du dokumentere greidd og fullført bacheloreksamen eller tilsvarande.  Siste frist for å ettersende/laste opp dokumentasjon/vitnemål er 1. juli.

Språkkrav
For å kunne delta i programmet, må du meistra eit skandinavisk språk eller engelsk ved studiestart. Arbeidsspråk er norsk og engelsk. rettleiing skjer på norsk og engelsk.

 

Publisert: 06.09.2011 av Peter Klasson Oppdatert: 23.02.2017 av Ingjald Selland