
- Studier
- Søknadfristar 2013-2014
- Søknadsinformasjon bachel...

Informasjon for søkjarar til bachelorprogrammet i design
Når du søkjer opptak til bachelorprogrammet i design, vel du spesialisering i anten møbel- og romdesign/ interiørarkitektur eller i visuell kommunikasjon. Nedanfor finn du oppgåvene du må svare på.
Opptaksprosessen 2013:
- Søknadsfrist: 15. april
- Innkalling til intervju/andre opptak: veke 20
- Intervju: veke 23 (4.-7. juni)
- Tilbod om opptak: veke 24
Krav til forkunnskapar og vurderingskriterium
Opptak til avdelinga skjer på grunnlag av realkompetanse.
Søkjarane blir vurderte ut frå ein rekke kriterium, som
kreativitet, ambisjonar, designfagleg modenskap, refleksjon, evne
til analytisk og konseptuell tenking, samfunnsmedvit, form- og
fargesans, evne til teikning, skriftleg og munnleg formuleringsevne
og evne til samarbeid. Dei naudsynte forkunnskapane kan oppnåast på
ulike måtar. Søkjarar utan generell studiekompetanse kan og søke.
Delar av undervisninga vil gå føre seg på engelsk.
Opptakskomitéen gjer ein heilskapleg vurdering av den enkelte søkjar, med særleg vekt på hans eller hennar designfaglege potensial for utvikling.
Første opptak
For å søkje, må du fyrst logge deg på søknadsveven. Der kan du i tillegg til å velgje
studium du vil søkje på, og laste opp ulike dokument som vitnemål,
karaterutskrifter og brev. Desse dokumenta må vere lagra på di eiga
datamaskin som t.d. pdf-filer. I tillegg til dette, skal du og
svare på nokre oppgåver som er utarbeidd for fagområdet du vil
søkje på. Svara til fagområdet visuell kommunikasjon, kan du dels
laste opp på søknadsveven, dels sende til oss i ein konvolutt. Svar
til fagområdet Møbel- og romdesign/interiørarkitektur må du sende
samla i ein konvolutt. Hugs å merkje all dokumentasjon med
søkjarnummeret ditt. Konvolutten merkjer du med "Søknad BA
design".
Svar på oppgåver skal sendast til:
Kunst- og designhøgskolen i Bergen
Strømgaten 1
N-5015 Bergen
Avdelinga er ikkje ansvarleg for skade på det innsendte
materialet. Dei innsendte arbeida vil bli vurderte av
opptakskomiteen ved avdelinga. Innkalling til andre opptak sendast
ut i veke 20.
Andre opptak
Andre opptak foregår på Kunst- og designhøgskolen i veke 23 (4.-7.
juni).
- Møbel- og romdesign/interiørarkitektur: [informasjon kjem]
- Visuell kommunikasjon: [informasjon kjem]
Under andre opptaket jobbar søkjarane med teikneoppgåver og andre oppgåver. Kvar søkjar gjennomfører og eit individuelt intervju med opptakskomitéen. Søkjarane blir rangerte ut frå ein samla vurdering av alle løyste oppgåver og intervju. Tilbod om opptak blir sendt ut i veke 24.
Kunst- og designhøgskolen sender ikkje arbeid i retur. Portfolio/arbeid som ikkje er henta innan 1. juli, vil bli makulert.
Oppgåver for søkjarar
Oppgåver for studieåret 2013-2014 finn du her:
![]() |
|
![]() |
Oppgave spesialisering i møbel- og romdesign/interiørarkitektur (bokmål) Oppgåve spesialisering i møbel- og romdesign/interiørarkitektur (nynorsk) |
|
|




