
- Studier
- Søknadfristar 2013-2014
- Søknadsinformasjon bachel...

Informasjon for søkjarar til bachelorprogrammet i kunst
Frå hausten 2012 tilbyr KHiB eitt bachelorprogram i kunst. Programmet opnar for utforsking og fordjuping innan eit vidt spekter av kunstnarlege praksisar, media, materiale og uttrykk.
Bachelorprogrammet relaterer seg til eit samtidig kunstfelt kor
kunstnaren si rolle er utvida. I dette feltet er kunstnaren
meir enn ein verkprodusent, han eller ho kan og uttrykke seg
på andre måtar og opptre som eksperimentell tenkar på fleire
arenaer.
Kritisk tenking og konseptuell tilnærming er grunnleggjande i
utdanninga. I samråd med sin hovudrettleiar kan studentar i
bachelorprogrammet velge fordjuping innan eitt eller fleire område.
Aktuelle fordjupingsområde er:
- fotografi
- grafikk
- keramikk og leire
- lyd
- måleri og teikning
- nye medium
- performance
- skulptur
- tekstil
- video
Bachelorprogrammet opnar og for kunstnarlege praksisar som ikkje
er knytt til bestemde medium og materiale.
Opptaksprosessen 2013:
- Søknadsfrist: 15. april
- Innkalling til intervju: veke 18
- Intervju: veke 22 (27.-31. mai)
- Tilbod om opptak: veke 23
Krav til forkunnskapar og vurderingskriterium
Opptak til bachelorprogrammet i kunst er basert på realkompetanse.
Denne blir vurdert på grunnlag av dokumentasjon av kunstnarleg
arbeid (portfolio) og intervju.
Opptakskomitéen gjer ein heilskapleg vurdering av den
enkelte søkjar, med særleg vekt på hans eller hennar kunstnarlege
potensial for utvikling. Søkjarane vil bli vurderte ut frå ein
rekke kriterium, som inkluderer kreativitet, ambisjonar,
motivasjon, kunstnarleg modenskap, evne til refleksjon og
formulering, dessutan evne til analytisk og konseptuell tenking.
Søkjarar utan generell studiekompetanse kan og søke. Deler av
undervisninga vil gå føre seg på engelsk.
Første opptak
For å søkje, må du fyrst logge deg på søknadsveven. Der kan du i tillegg til å velgje
studium du vil søkje på, og laste opp ulike dokument som vitnemål,
karaterutskrifter og brev. Desse dokumenta må vere lagra på di eiga
datamaskin som t.d. pdf-filer.
I tillegg skal du og sende inn dokumentasjon på eige kunstnarleg
arbeid, ein portfolio.
Krav til
portfolio
Portfolien bør innehalde dokumentasjon av relevant
kunstnarleg arbeid. Portfolien må du lagre på ein
minnepinne eller CD/DVD og send inn til KHiB innan
søknadsfristen.
Her finn du meir informasjon om
krav til portfolien. Hugs at du må printe ut skjemaet og
legge dette saman med arbeida i ein konvolutt og sende dette
til:
Kunst- og designhøgskolen i Bergen
Strømgaten 1
N-5015 Bergen
Hugs å merkje konvolutten med "Søknad BA kunst". Merk
innhaldet i konvolutten med søkjarnummeret ditt. Søkjarnummeret har
du fått på e-post frå søknadsveven.
Avdelinga er ikkje ansvarleg for skade på det innsendte materialet. Dei innsendte arbeida vil bli vurderte av opptakskomiteen ved avdelinga. Innkalling til andre opptak vil bli sendt ut i veke 18.
Andre opptak
Andre opptak går føre seg på Kunst- og designhøgskolen i
veke 22 (27.-31. mai). Aktuelle søkjarar blir kalla inn
til intervju med opptakskomitéen ein av desse dagane. Under andre
opptaket får søkjarane og høve til å treffe studentar og vere
med på omvising i Kunst- og designhøgskolens lokale.
Søkjarane blir rangerte ut frå ein samla vurdering av viste arbeid
og intervju. Tilbud om opptak vil bli sendt ut i veke 23.
Kunst- og designhøgskolen sender ikkje portfolio i retur; arbeid som ikkje er henta innan 1. juli, vil bli makulert.



