Designstudent 1 - SUBSTANS 2011

Informasjon for søkjarar til masterprogrammet i design

Kjerna i utdanninga er masterprosjektet til den einskilde student, som er eit større, sjølvstendig og eksperimentelt designarbeid. Gjennom masterprosjekta bidreg studentane til nytenking og fagleg utvikling, gjerne på tvers av etablerte profesjonsgrenser.

Opptaksprosessen 2013:

  • Søknadsfrist: 2. april
  • Innkalling til intervju: veke 17
  • Intervju: veke 22 (27.-29. mai)
  • Tilbod om opptak: veke 23


Opptakskrav
Masterstudiet i design byggjer på ein bachelorgrad i design, eller annan relevant utdanning tilsvarande 180 studiepoeng.

Søkjarane vert vurderte ut frå innsendt søknad med prosjektutgreiing, dokumentasjon av relevant designfagleg arbeid (portfolio) og intervju.

Søknadsprosessen
Her finn du ei lenke til søknadsveven som du må nytte for å søkje til KHiB. På søknadsveven kan du og laste opp ulike dokument som karakterutskrifter, vitnemål, prosjektutgreiing og brev. Portfolie og skjema som syner oversikt for portfolie må du sende i ein konvolutt.

Krav til prosjektutgreiinga
Prosjektutgreiinga bør ha eit omfang på 1 til 2 A4-sider. Den skal gjere greie for:

  • tema i prosjektet og området for designfagleg utforsking
  • motivasjonen din for å gjennomføre prosjektet, og prosjektet sin relevans for samfunnet
  • mål og problemstilling for prosjektet
  • korleis du vil utføre og presentere prosjektet


Krav til portfolio

Portfolio bør innehalde dokumentasjon av designfaglege arbeid og prosjekt som viser at du er kvalifisert for å gjennomføre eit sjølvstendig masterprosjekt. Her finn du meir informasjon om krav til portfolien. Hugs at du må printe ut skjemaet og legge dette saman med arbeida i ein konvolutt og sende dette til:

Kunst- og designhøgskolen i Bergen
Strømgaten 1
N-5015 Bergen

Hugs å merkje konvolutten med "Søknad MA design. Merk innhaldet i konvolutten med søkjarnummeret ditt. Søkjarnummeret har du fått på e-post frå søknadsveven.

Brev sendt frå utlandet
Dersom du sender portfolien din frå utlandet, er det er viktig at du merkjer konvolutten med "No commercial value", og sender søknaden i god tid før søknadsfristen.

Intervju og andre opptak
Dersom du går vidare til andre opptak, vil du bli kalla inn til intervju på Kunst- og designhøgskolen i veke 22.

Søkjarar som går vidare til andre opptak har høve til å ettersende:

  • revidert prosjektutgreiing
  • dokumentasjon av bachelor eksamensprosjekt som er fullført etter søknadsfristen


Frist for slik ettersending er 21. mai.

Søkjarar som skal fullføre si bachelorutdanning i vårsemesteret 2013, kan få midlertidig opptak. For å få endeleg opptak, må du dokumentere bestått bacheloreksamen eller tilsvarande.  

Språkkrav
For å kunne delta i programmet, må du meistre eit skandinavisk språk eller engelsk ved studiestart. Arbeidsspråk er norsk og engelsk. Rettleiing vert gjeve på begge språk.